Ja, tenk, snart 3 år. Dei begynner jammen å bli store.
Oda har jo ikkje bursdag før den 24. men ho gleder seg alt stort. Snakker om alle som skal kome, kaker osv. Håper ho vert fornøgd med dagen når den kjem.
Oda er elles ei god og snill jente. Ho elsker å pynte seg og alt skal matche, som f.eks truse i same farge som kjolen... Bleia kasta ho for ein månads tid sidan, men bæsjing er for skummelt i do, så da må bleia på for nokre minutt. Den er forresten på om natta også.
Vi skal flytte snart, har kjøpt hus og overtek på torsdag, berre 5 minutt herfra altså. Oda har bestilt rosa rom, og det må vi vel kunne ordne :)
Leiker ho liker for tida : huske, hoppe trampoline, perle, lese, tegne og trille litt rundt på dokkene sine.
Ho er i tillegg veldig flink storesøster. Koser mykje med Hanna og får henne til å le, men nokre gongar er det litt vanskeleg å vere forsiktig nok...
Som mange skriv, er gjerne med på treff. Hadde vore så gøy å sjå kor store junibarna har blitt.
|