Oppdatering frå oss :o)
Eg er gravid i veke 26, termin i slutten av oktober. Svangerskapet er tyngre denne gongen, og det har vore litt tull med ekstrem kvalme, blødning og magesmerter. Det har blitt nokre ekstra kontrollar for å seie det sånn.
Ask er stort sett ein veldig blid og fornøgd gut (så sant han ikkje våknar for tidleg om morgonen), har omsider fått dei fire første jekslane, og jammen dukka det ikkje opp ei hjørnetann her hin dagen. Dei andre er heller ikkje langt unna. Han klatrar over alt, men er veldig forsiktig av seg. Han går ikkje ned frå ein kant viss han ikkje er sikker på at han klarar det uten å slå seg.
Språket utviklar seg frå dag til dag. Det siste nye er treordssetningar - "Dæ hest inni!" (når hestefiguren er inni kofferten eller noko) "Mamma pappa, brrrm" (mamma og pappa kjører bil), og liknande. I det siste har nye ord som kraknnn (traktor), krakk, koppkropp (edderkopp), hende (hand/hender), tenne (tann/tenner), sand, seng, skei og dye (drue) dukka opp. Det er utruleg moro at han snakkar, men han blir veldig frustrert om vi ikkje forstår kva han prøver å seie.
Eg er framleis heime med han (og kjem jo til å vere heime utover hausten og), men vi går i open barnehage eit par dagar i veka (dessverre er den stengt for sommaren no). Ask synest det er veldig stas med andre ungar, sjølv om han ikkje heilt skjønar dette med å dele. Til hausten skal søstera mi vere dagmamma to dagar i veka, så eg får litt tid aleine med lillesøster. Reknar med at vi kjem til å gå i open barnehage dei andre dagane, er greitt å sleppe og aktivisere heile tida.
Den 2. august skal Ask på ferie. Han skal ta fly saman med søstera mi via Paris til Strasbourg for å treffe mamma og pappa som er på camping med bussen sin. Så blir dei med på tilbaketuren opp gjennom Europa. Blir *litt* skummelt for meg, han skal nemlig vere vekke i 11 dagar, men eg overlever vel det og. Reknar med å flytte inn i nytt hus i løpet av september, så det er nok å gjere til å holde meg opptatt når han er vekke.
Sjå der, jaggu klarte eg å skrive ein heil stil. Rart med det, det skjer ALLTID når eg blir bedt om å fortelle om meg og mitt ;o)
Håpar alle andre septembermamma'ar har det fint i sommar(varmen?) og at barna utviklar seg som dei skal :o) |