Den lykkeligste dagen i mitt liv
Sitt å leiker meg på dataen 3 mnd. etter at mi søte datter, Beathe, vart født. Les på denne sida om ei som hadde ein rask fødsel, og kjende meg litt igjen i denne historia.
Hadde håpa på at fødselen skulle skje før dei kommande tanntene reiste ned att til Bergen. Men dei måtte reise mandag 16.04,før noko hadde skjedd.Eg og min sambuar bur i Måløy. Frå Måløy vi har ca 3 kvarter å kjøyre til sjukehuset, i normalt tempo.
Natta kom og eg gikk på do mange gonger (noko som ikkje var heilt uvaneleg dei siste vekene). Men etter eit do-besøk ca.2 var det som om ein balong sprakk inni meg. Forsto at dette var noko uvaneleg, og vart liggande å kjenne etter noko eg ikkje viste kva var.
Vækte Roy,min samboer rundt 2.30 og spurde kva vi skulle gjør. han ville gjerne sove meir, noko eg nekta han. Så eg ringte på sjukehuset på Eid å spurde kva vi skulle gjør. Ho sa at det var nok lenge til eg kom til å føde, så vi kunne vente til morgonen før vi kom innover, eller det var 10.min. mellom riene. Eg viste ikkje kva rie var men sa ok.
La meg i badekaret for å få slappe litt av. Det hadde eg høyrt skulle hjelpe. Då eg låg der begynnte eg å få vondt.No var klokka litt over 3. Roy måtte hjelpe meg å tørke og kle på meg, fordi eg var redd for at store og volsome bevegelser skulle sette fødselen fortare igang.3.30 var vi på veg innover til Eid. Roy ringde og sa at vi kom.Han lurte på om vi skulle ringe etter sjukebil så eg kunne få ligge istaden for å sitte i bilen. Men no kjende eg at Beathe ville, ut så eg sa at eg ville ha bilen.
Fra Bryggja ca.30 km frå sjukehuset kjende eg at no ville eg presse. Resten av turen brukte eg til å konsentrere meg om å puste og ikkje presse når kroppen ville det. Par min. over 4 var vi på Eid. Eg gikk inn på sjukehuet men då ville ikkje beina bære meg lenger. Roy kjøyrde meg i rullestol til fødeavd. Der eg vart godt mottat av ei grei jordmor som hette Tea Pesola. Ho vart svært overaska da ho såg at eg hadde full opning så raskt når eg var ein førstegangsfødande. Endeleg kunne eg presse.Det var faktisk godt! 5.48 låg eg med verdas søtaste jente på brystet! det var det lykkligaste øyeblikk i mitt liv. Får enda tåre i auga av glede med tanke på den dagen.