Ny her på DinBaby?
Det er gratis å melde seg inn
Velkommen! Registrer deg her
Alle Forum på DIB:



Klubbsider for DinBaby!
Diskuter med andre foreldre som har barn i samme alder som deg.

Til klubbsidene


Alle Forum på DIB:

Spedbarnslatter

Ingeborg er 3 1/2 månad. Dei siste dagane har ho vore litt sutrete ved leggetider, ikkje voldsomt, men nok til at mor gruer seg litt når klokka nærmar seg badetid

Heile leggeritualet blir litt forskyve også, måtte liksom få med meg heile Dagsrevyen først... og dermed sovnar den lille med puppen, så tungt, så tungt, før vi rekk å bade. Eg bér ho inn på soverommet, legg ho forsiktig i dobbeltsenga for å lirke pysjen på. Ingeborg vaknar sjølvsagt, med halvopne auger og eit stort smil.

"Heei, Ingeborg, er du så blid, du?!" Gladhiksta eg får til svar blir plutseleg til tydelege "he he he!" - og så enno fleire "HE HE HE HE!!"! Latter smittar som regel alltid, og spedbarnslatter er direkte uimotståeleg. Eg får heilt latterkula sjølv, og dess meir eg ler, dess meir ler ho til svar. Kvart stryk over magen utløyser fleire latterhikst, og no har ho fått hikke også (ikkje mindre komisk!).

Men så dabbar det av. Eg forsøker alt. Eg kilar ho på magen, kysser nesa hennar, prøver å gire ho opp igjen med ein liten song. Til inga nytte, ho smiler berre overberande til meg. Den gullkanta stunda er over for i dag. Pysjen kjem heilt på, Ingeborg blir lagt i senga. Eg seier "god natt", ho svarar "ghyyy!", snur hovudet til sides, tommelen treff den lille munnen med første forsøk, og etter to minutt søv ho.
Akk.

Guro


(Fyll inn mottakers e-post adresse og klikk send. Du kommer tilbake til denne siden etterpå)


------- Annonser -------